Glesværløpet

Arrangementsinformasjon

Bli med på Glesværløpet den siste søndagen i oktober!

Ei fin haustoppleving for små og store, mosjonistar og konkurranseløparar. Løypa er 4.3 km og går rundt i kystmiljøet på Glesvær mellom gamle naust, på velbrukte gardsvegar, litt asfalt og litt sti. Du kan konkurrere på tid eller gå i turklassen og vere med på løyperebusen til Sund turlag. Løpet starter og ender ved Glesvær kafè, med påmelding og premieutdeling i naustet til Bakke. Parkering på baksida av kafeen. 

 

Alle får saft og deltakarpremiar når dei kjem i mål, og det blir også trekt ut premiar på startnummera.
Løpet er eit samarbeid mellom Glesnes ungdoms- og idrettslag, Sund turlag og Handelstaden Glesvær.  
Sponsorar er Glesvær rorbu, Glesvær kafè, Sotra fiskeindustri og Bogen fiskeri A/S.

Påmelding frå kl. 11.30 i naustet til Bakke ved Glesvær kafè.

START:
* Kl. 12.00 Felles oppvarming utanfor naustet til Bakke,
BlimE-dansen
• Kl. 12.15 Turklasse
• Kl. 12.45 Konkurranseklasse ungdom (opp til 15 år)
• Kl. 13.00 Konkurranseklasse vaksen

BlimE-sangen 2019 heiter "Mer enn god nok" med You-Tuber Stina Talling. BlimE er NRK sin venskapskampanje med mål om å fremje venskap og omsorg for kvarandre. Her finn du dansen. Hiv deg i øvinga. Dette er gøy! <3 :
https://nrksuper.no/blime/laer-blime-dansen-2019-12148


Konkurranseklasse
Vaksne: kr. 200,-
Ungdom t.o.m. 15 år: 150,-

Turklasse
Vaksne: kr. 70,-
Barn: kr 50,-

Deltakarpremiar til alle. Trekking av premiar på startnr. og på turlagets turtipp.

Visste du at lag og foreninger må betale lisens til Norges Friidrettsforbund for å arrangere mosjonsløp? Deltakaravgiften på løpet gir ikkje overskot til laget. Målet er å ha eit kjekt arrangement for små og store.

Alle arrangementa til ungdoms- og idrettslaget er basert på frivillig innsats. Ta gjerne kontakt om du ønskjer å vere med :-)

For meire info sjå: http://www.glesnesungdomslag.no/aktivitetar/glesvaerloepet/?fbclid=IwAR19rl47uIpv9cUCaoHwiz-SL3SAg4V4DqkxuTKzgIYwThHv-dF51ovjdz0 

glesværløpet
glesvær
glesnes
mosjon
guil
mosjonsløp
komdegut