Vetenløpet 2020

Arrangementsinformasjon

Vetenløpet, 15. juni til 15. september


Vetenløpet har tjueårsjubileum i år, hurra!

Løpet er eit samarbeid mellom Glesnes ungdoms- og idrettslag og Sotra Øygarden turlag. Sidan vi ikkje kunne arrangere løpet i vår, inviterer vi alle til å bli med på feiringa ved ta den flotte turen når du vil, mellom 15. juni og 15. september 2020. Registrere turen digitalt og bli med i trekkinga av premiar.

Bli med, det er superenkelt!
Deltakaravgift kr40,- for vaksne, 30,- for barn.


Last ned appen DNT Sjekk ut (gratis for medlemmar og ikkje medlemmar av Den norske turistforening). Når du har lasta ned appen, finn du Vetenløpet 2020. Du finn også Kystpasset 2020 der Veten er eit av turmåla.

Du kan springe eller gå opp til Veten når du vil mellom 15. juni og 15. september og registrere besøket i appen når du står på toppen. Du kan også ta eit bilde i appen og dele at du er med på feiringa av tjueårsjubileet. Om du har lyst å registrere og dele tida di, kan du sende den inn til vetenlopet20@gmail.com Då blir den lagt ut på www.glesnesungdomslag.no

glesvær
glesnes
mosjon
guil
mosjonsløp
komdegut
vetenløpet
veten