Glesværløpet 2025
Bli med på det årlege Glesværløpet i haustprakt og god stemning søndag 26. oktober!
Information

Konkurranse og turklasse med løyperebus.
Fin rundløype som startar og endar ved Glesvær kafe på 5, 2 km (litt endra i år).
Deltakarpremiar og trekking av premiar.
Startkontingent Konkurranseklasse:
Vaksen kr. 200,-
Ungdom kr. 100,- (t.o.m 15 år)
Startkontingent Turklasse:
Vaksen kr. 70,-
Barn kr. 50,- (t.o.m 15 år)
Frå kl. 11.15 Utlevering av startnr. i naustet til Bakke ved Glesvær kafe:
Kl 12.00 START: Turklasse (start gjerne litt tidlegare om du treng ekstra god tid ).
Kl 12.45 START: Konkurranseklasse Ungdom (t.o.m 15 år)
Kl 13.00 START: Konkurranseklasse Vaksne
Glesværløpet er eit samarbeid mellom Glesnes ungdoms- og idrettslag, DNT Øygarden og Handelstaden Glesvær.
Løpet er sponsa av Glesvær rorbu, Glesvær kafè, Sotra fiskeindustri, Bogen fiskeri AS
I samband med at Glesnes ungdomshus er 100 år i år, er det Ope hus der frå kl. 16.00 same dag, med Nausta rockers og stands om aktivitetar i ungdomslaget. Bli med!
Alle arrangementa til ungdoms- og idrettslaget er basert på frivillig innsats.
Ta gjerne kontakt om du ønskjer å vere med.
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar refunderes ikkje.